lørdag 2. november 2013

Oktober 2013

Dette er eit flyfoto tatt frå Støyle på Sandsøya, med utsikt mot Voksa. I mellom øyane ser ein Voksevegen.
Vika på austsida (venstre) av Voksevegen er Storevika naturreservat. På fjøre sjø blir sanden blottlagt over
eit stort område. Dette er då den beste lokaliteten på Sandsøya og Voksa for å observere vadarar på trekket.
Då er oktober forbi for denne gong. I løpet av denne månaden så blei det sett under ett ikkje alt for mykje feltsatsing, dessverre. Men som alltid blir det no nokre turar. I starten på månaden gikk det meste av aktiviteten i felten med på å sjekke hagar og jorder, då på leiting etter småfugl. Eller egentleg alt og ingenting... Dette resulterte då "selvfølgelig" ikkje i noko som det var verdt å rope hurra for. 1 gulbrynsongar, 2 tartarpiplerke, eit svartstrupepar med ungekull, 5+ polarsisik og 2 stillits var vel det mest interessante å melde frå Sandsøya og Voksa i den første halvdelen av oktober. (Dette sett vekk i frå dei 2 hauksongarane som eg allereie har publisert her på bloggen).

Når det gjaldt den siste halvdelen av månaden så blei det satsa mest på måsar. Antallet med måsar har vore veldig varierande. Men jamnt over så har det egentleg vore veldig få måsar å sjå. Men ein må tenke slik at for kvar måse ein får "sett over", dess nærmare kjem ein gobiten. Tross satsinga har resultatet vore heller labert. Det mest interessante å melde er ein 2K/2.vinter polarmåse som vart sett rastande på Sandshamna, Sandsøya den 22.oktober. Ellers så blir det no av og til lest av ringmerkte måsar frå andre stadar i landet, samt utlandet. I vinter var vart det observert ein finskemerkt gråmåse. I haust har den dukka opp på nytt. Før dette hadde den ikkje blitt sett sidan den 1.februar. Under finn du eit par bilder av polarmåsen, samt eit bilde av den finskmerte gråmåsen.

Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya 22.oktober 2013

Frå venstre: 1K svartbak, 1K gråmåse. 4K+ gråmåse, 2K polarmåse,
4K+ gråmåse (bak denne igjen, ein 1K gråmåse).

Gråmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya 22.oktober 2013
Denne måsen blei merkt som ein reirunge (pullus) i Pori, Turku, Finland.
Der blei den merkt i slutten av juni 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar