lørdag 14. september 2013

Fuglenytt frå Sandsøya/Voksa 13.08 - 13.09.13

Den siste månaden har det vore svært labert med aktivitet her på bloggen. Men lite aktivitet på bloggen vil ikkje seie at det ikkje har blitt satsa i felt. Det har i denne perioden blitt prioritert mykje ringmerking, då først og fremst med tanke på å få merkt grashoppesongarar og sivsongarar, men det har også blitt satsa på merking av både havsvale og gråmåsar. Både merkinga av grashoppesongarar og sivsongarar vil eg kome tilbake til i seinare blogginnlegg, det samme gjeld også for måsane. Når det gjeld sjeldenheiter så har det vore meget, meget lite å melde på den fronten. Den sjeldnaste fuglen som har vore innom den siste månaden, var øyane sin første vendehals. Den blei observert i Sandsvågen på Sandsøya den 8.september. Dagen etter vart det så sett eit nytt individ av arten, denne gongen på Voksa. Dette viser at ting er mulig, og i tida framover, så sant veiret tillet det så blir det nok meir "trakking" i felt, og forhåpentlegvis vil det også gi litt resultat i form av ein gobit eller to...

Svartstrupe 2K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 2013

Ein annan observasjon som det er verdt å legge merke til frå den siste tida er at svartstrupeparet som har hatt tilhold i Sandsvågen på Sandsøya i år har nok eit ungekull på gong! Hofuglen vart sett aktivt matande den 8.september, men verken hannen eller ungane blei sett. Dette tyder då på at ungane i årets tredje kull fortsatt er veldig små. Og små ungar godt ut i september er ikkje akkurat vanleg... Så det skal bli spennande å sjå korleis det går. Slik forholda er no, med greie temperaturar og mykje insekt så burde det gå greit å fostre opp ungane.

Dvergsnipe 1K, Storeviksanden, Sandsøya, september 2011

Det har også vorte sett ein god del vadarar på trekk. Det har då vore snakk om artar som myrsnipe, tundrasnipe, dvergsnipe, sandløpar, grønnstilk, sotsnipe, skogsnipe osv. Men dette er meir eller mindre vanlege artar, så rariteten har ikkje dukka opp så langt.


Gråhegre i pleie...
For nokre dagar sidan blei Alv Ottar Folkestad kontakta av ein person frå Hallebygda på Gurskøya i Sande kommune. Der hadde det blitt funnen ein gråhegre som var forkomen. Det viste seg at det var ein nyleg uthoppa gråhegreunge som var avmagra. Dermed tok han den i pleie heime hos seg sjølv for å fore den tilbake i kondisjon. Men i og med at Alv Ottar Folkestad skulle ut og reise så fikk eg den store æra av å overta "oppforinga" for nokre dagar. Under kan du sjå fuglen få servert eit måltid.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar