torsdag 21. februar 2013

Avleste fargemerka måsar i februar 2013

I løpet av februar så langt har det blitt sett "gjennom" eit meget respektabelt antall med måsar. Fiskeriet som føregår i områda rundt øyane på denne tida av året trekker til seg måsar frå både nær og fjærn. Totalt har det i februar blitt avlest 11 forskjellige måsar som ikkje er merka her i området. Desse fuglane er merka i land som Finland, Danmark, England og sjølvsagt ein del frå Norge. Det gjer det ekstra spennande å "skope" gjennom alle måseflokkane på leiting etter sjeldenheiter. For å lese av fergemerka måsar er ein meget fin bonus. Under kan du lese meir om kvar enkelt måse.

Finland
Frå før hadde ikkje M&R eit einaste kontroll av ein finskmerka gråmåse. I løpet av februar har det blitt sett ikkje mindre enn to fuglar frå landet i aust. Eg har så langt berre fått ringmerkingsdata på ein av måsane. Når eg får data på den andre fuglen vil eg oppdatere den i dette innlegget.

CCN53
Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya feb. 2013
Gråmåsen CCN53 vart merka som reirunge (pullus) i Pori, Turku i Finland den 29.juni i 2010. Den vart så sett igjen den 1.februar på Sandshamna. Etter dette vart den sett ved eit par annledningar den 4. og 7.februar, det også på Sandshamna. Dette var så vidt eg veit dei første gongane denne fuglen blei sett etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Pori i Finland og Sandshamna er på 841 km.
                                   

C89PR
Gråmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 19-20.februar 2013
Gråmåsen C89PR har eg ikkje fått ringmerkingsdata på. Den blei truleg merka ein stad i sør-Lapland i Finland. Denne måsen blei først sett av Sindre Molværsmyr den 19.februar, før eg greidde å finne den igjen, og dermed få dokumentert fuglen den 20.februar. Begge gongane vart den sett på Sandshamna.


Danmark
Endelig så fikk eg også min første observasjon av ein danskmerka måse. Dette vart då i form av ein yngre svartbak. Her er meir om måsen.

J574W
Svartbak 3K (2.vinter), Marøya/Voksevegen 15.februar 2013
Svartbaken J574W vart merka som ein reirunge (pullus) på Nordre Rønner på Læsø i Nordjylland i Danmark den 1.juli i 2011. Den vart så så sett på Marøya ved Voksevegen mellom Sandsøya og Voksa den 15.februar. Dette var det første gongen måsen blei gjenfunnen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Nordre Rønner på Læasø i Danmark,
og Sandshamna er på 621 km.



England
Eg har tidligare hatt ein god del observasjonar av engelskmerka måsar. Så langt denne vinteren har det derimot vore ganske få. Det vil seie at eg berre har komt over to fuglar med engelske ringar. Begge desse måsane stammar frå North Thames Gull Group sitt fargemerkingsprosjekt. Totalt med årets 2 gråmåsar har eg hatt 13 måsar frå dette prosjektet. Då fordelt på 10 gråmåsar, 2 svartbakar og 1 sildemåse. Alle desse er merka i Essex-området heilt søraust i England. Under er det litt meir info på årets to gråmåsar.


UJ6T
Gråmåse 5K+ (adult), Marøya, Voksevegen 14. og 15.februar 2013 
Gråmåsen UJ6T vart merka som ein adult (5K+) fugl på Pitsea søppelfylling i Essex i søraust-England den 23.januar i 2010. Etter dette vart den sett i Hanningfield naturreservart i Essex, dette nokre få kilometer frå søppelfyllinga der den vart merka. Den vart sett der vinteren etter merking, altså den 27.desember i 2010. Vidare så vart den no sett på Marøya ved Voksevegen den 14. og 15.februar.

Her er ein link med informasjon om fuglen, samt eit oversiktskart på heimesida til North Thames Gull Group: http://www.ntgg.org.uk/cgi-bin/map.cgi?p=recmap&t=r&r=GN87139


VP4T
Gråmåse 5K+ (adult), Marøya, Voksevegen 14.februar 2013
Gråmåsen VP4T vart også merka som ein adult (4K+) fugl på Pitsea søppelfylling i Essex. Den vart merka der den 30.oktober det også i 2010. Dette var det første gjenfunnet av måsen etter merking.

Her er ein link med informasjon om fuglen, samt eit oversiktskart på heimesida til North Thames Gull Group: http://www.ntgg.org.uk/cgi-bin/map.cgi?p=recmap&t=r&r=GN87663


Norge
Så til slutt er det "gjengen" merka innanfor landets grenser. Halvparten av desse måsane er merka i Bergensområdet. Den mest interessante kontrollen er nok ein svartbak merka i Kristiansand kommune.

JH831


Svartbak 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 20-21.februar 2013
Svartbaken JH831 vart merka som ein reirunge (pullus) på Skjede i Byfjorden i Kristiansand kommune den 25.juni i 2010. Etter dette vart den sett på Brennevinsmyra i Mandal den 16.mai i 2012, for så å bli gjenfunnen nokre dagar etter den 21.mai ved Storemyr flyplass i Lillesand kommune. I går og i dag, altså den 20. og 21.februar vart den så sett på Sandshamna.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom der den blei merka i Skjede i Byfjorden og
Sandshamna er på 482 km.


JLX7
Gråmåse 5K+ (adult) M, Marøya, Voksevegen 15.februar 2013
Gråmåsehannen JLX7 vart merka som ein adult (5K+) fugl ved Sjøbadet i Moss i Østfold den 17.august i 2012. Den 15.februar satt den i ei av måseflokkane på Marøya ved Voksevegen. Dette vart det første gjenfunnet av måsen etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom merkeplassen i Moss og Sandshamna
er på 419 km.
                                                                                       

JN744
Gråmåse 5K+ (adult) F, Sandshamna/Sandsøya 20.februar 2013
Gråmåsehoa JN744 vart merka som ein adult (5K+) fugl på Lyngøy i Tysnes kommune i Hordaland den 28.mai i 2012. Den vart så sett på Sandshamna i går den 20.februar. Dette var først gong måsen vart sett etter merking.
Her er ein link til eit bilde som blei tatt av måsen under merking:
http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=18928&VisF=ON&XIF=ON

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Lyngøy og Sandshamna er på 242 km.


"Bergensmåsar"
Tre av dei seks norskmerka måsane som eg har lest av i februar er opprinnelig merka i Bergensområdet. Fleire av desse måsane har ikkje blitt sett utanfor Bergen kommune før dei har dukka opp på søre sunnmøre. Her er meir om desse måsane.

JN619
Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna/Sandsøya 1.februar 2013
Gråmåsen JN619 vart opprinnelig merka som ein adult (4K+) fugl i Byparken i Bergen den 28.desember i 2009. Den fikk då berre påsatt metallring. Den 30.november i 2011 vart den igjen innfanga og fikk då påsatt fargering. Etter dette har den blitt sett fleire gongar i Bergensområdet. Sist den vart sett der var den 3.november i 2012. Den 1.februar viste den seg for første gong utanfor Bergen, då den blei sett på Sandshamna.


J2847
Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 4.februar 2013
Gråmåsen J2847 vart merka som ein 2K-fugl (2.vinter) på Skolten i Bergen havn den 15.november i 2011. Etter dette har den ved fleire annledningar blitt sett i Byparken i Bergen. Den vart sist sett der den 24.august i 2012. Etter dette vart den altså no sett den 4.februar på Sandshamna.

Her er ein link til eit bilde som er tatt av måsen den 4.juni i 2012. Legg her merke til den lyse nebbteikninga samnaligna med fargen på nebbet når eg avbilda måsen i vinterdrakt den 4.februar. http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=18867&VisF=ON&XIF=ON


JN663
Gråmåse 5K (4.vinter), Sandshamna/Sandsøya 20.februar 2013
Gråmåsen JN663 vart merka som ein 3K/3.vinter fugl på Skoltegrunnskaien i Bergen den 10.desember i 2011. Etter dette har den blitt sett mange gongar i Byparken. Den vart sist sett der den 10. desember i fjor. I går den 20.februar vart den sett rastande på Sandshamna. Denne måsen er eit meget seint utfarga individ. Den har no som 5K (4.vinter) eit stort innslag av immaturfjører stort sett i alle fjørgrupper. Vidare har den også veldig små apikalflekkar (kvite tuppar på handsvingfjører).

Her er ein link til eit bilde som blei tatt av måsen under merking:


Heilt til slutt så er her eit oversiktskart som viser ringmerkings- og funnstad på
måsane JN619, J2847 og JN663.
Avstanden mellom Bergen og Sandshamna er på ca. 206 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar