tirsdag 23. oktober 2012

Polarmåse frå Bjørnøya

Som nemnt i blogginnlegget frå den 19.oktober så såg eg ein 1K polarmåse med grøn fargering på Sandshamna, Sandsøya den 16.oktober. I går fikk eg all informasjon om måsen. Under kan du sjå kva eg fikk vite om den aktuelle fuglen.

Polarmåse 1K (1.vinter), Sandshamna 16.oktober 2012

Denne 1K polarmåsen med fargeringkode DU1 vart ring- og fargemerka som reirunge (pullus) den 28.juni i Hamnevika på sørvestsida av Bjørnøya, Svalbard. Dette er ein av dei veldig få polarmåsane som er merka i Svalbardområdet som er funne på det norske fastlandet. Dette var sjølvsagt det første gjenfunnet av måsen etter at den blei merka.


Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstande mellom der måsen vart merka på Bjørnøya
og Sandshamna, Sandsøya er på ca. 1451 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar