mandag 23. juli 2012

Fargemerkingsprosjektet for storspove

I fjor, altså i 2011 vart det starta opp eit nytt fargemerkingsprosjekt av Sunnmøre ringmerkingsgruppe på ein art det har blitt satsa lite på frå før av, nemleg storspove. Ein veit så langt veldig lite om kvar "våre" spover tilbringer tida utanom hekkesesongen. Då hjelper fuglar med fargering ekstremt mykje for å seie det mildt. For med berre metallring så er det nesten umogleg å få lest av fuglane, men har du derimot ein påsett fargering så gjer det oppgåva mykje lettare. Ja, det aukar faktisk sjangsen for gjenfunn med fleire titals prosent! Og dess lettare det er å lese av ringane på fuglane dess fleire gjenfunn får ein og dermed meir informasjon om arten. Noko som igjen vil gjere det slik at ein kan starte og gjere seg opp eit meir korrekt bilde på for eksempel overvintreingskvartera til fuglane.

Her er litt om dei to første sesongane for storspoveprosjektet:

2011
I 2011 vart det fargemerka 21 storspover på søre Sunnmøre. Dei var fordelt i desse kommunene. Giske (4),
Hareid (9), Ulstein (2), Ørsta (6). I tillegg til alle desse som vart fargemerka så blei det merka ei spove med berre metallring i Giske kommune. Det vart også fargemerka tilsaman 6 ind. i Rogaland med dei samme ringane som dei som blir brukt her.

Når det gjeld gjenfunn av dei merka fuglane så vart det sett ei storspove med fargering i Skottland. Denne lukkast det ikkje å få lest av då observatøren blei forstyrra i det han var i ferd med å lese av ringen. I og med at den ikkje blei lest av så veit vi ikkje om fuglen stamma frå Sunnmøre eller om det var ein fugl frå Rogaland.

Her er eit bilde av ei av spovene som blei ring- og fargemerka i fjor.
Storspoveunge (pullus) med fargeringkode "AKL". Foto: Stian Moldskred.
Legg merke til at fargeringen er plassert på høgre tibia, altså over kneleddet.
På venstre tibia er det ein smal fargering utan kode. Den har også sjølvsagt
ein metallring. På dette bildet er den ikkje synleg men den er plassert på
den venstre tarsen.

2012
I år har det så langt blitt fargemerka 28 forskjellige spover. Desse er fordelt på fleire kommuner på søre Sunnmøre. Giske (9), Hareid (13), Ulstein (3), Sande (1). Det har også blitt fargemerka 2 ind. i Hornindalen i Nordfjord. I tillegg til alle dei som har fått påsett fargering så har det blitt merka 1 ind. med berre metallring i Sykkylven.

Her er nokre bilder av dei fargemerka spoveungane i 2012.


Her er ein liten krabat som eg kom over på
Sandsøya den 1.juli. Den fikk påsett farge-
ringar og metallring.
Her ser du tydeleg den smale oransje fargeringen som er plassert på
venstre tibia. Foto: Stian Moldskred.

Her ser du fargeringen med koda på som er plassert
på høgre tibia. Denne bør vere relativt lett å få auge
på, og heller ikkje så vanskeleg å få lest av.
Foto: Stian Moldskred.

Dermed har alle ein god grunn til å sjå nøye på storspovene rundt omkring. Skulle du sjå, og dermed få lest av ei storspove med fargering så er det berre å ta kontakt med Kjell Mork Soot så vil du få svar med informasjon om fuglen snarast. Han kan nåast på denne mail-adressa: kjellmorksoot@fugler.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar