tirsdag 1. mars 2011

Russiskmerka gråmåse

I dag fikk eg svar på den fargemerka gråmåsen eg såg på Sandshamna for tre dagar sidan som eg trudde var merka i Russland. Og eg hadde rett...
Gråmåse 3K (2.vinter) merka med KH67.
Måsen over vart merka i Russland, nærmare bestemt i Kandalakshskiy naturreservat ved Kvitsjøen. (Sjå kart under) Den vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) 15.juli 2009 og dette var det første gjennfunnet etter at den vart merka.

Her er eit kart over kor den blei merka.


Dagens obsar.
Ellers så vart det tid til ein kort tur ut i dag. Eg fikk blant anna sett over måsane. Det resulterte i ein polarmåse i 1. eller 2. vinterdrakt (2-3K). Eg såg den på langt hold og greidde ikkje heilt å bestemme med for alder. Men heller mest mot 2K (1.vinter). Ellers så vart det sett 10 sanglerker, 5+ viper og 11 grågjess på Voksa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar